Foreldresider

På Hjeltnes vidaregåande skule ynskjer me at du som forelder skal føla deg trygg på at sonen din, eller dottera di har det godt.

Det kan vere eit stort steg å sleppa ungdomen av garde på eiga hand for å bu på internat. Dette har me stor forståing og respekt for. Ulvik med sine 1100 innbyggjarar, plassert i vakre omgjevnader, er både ein trygg og flott plass å bu på. Men for at elevane skal ha nokre vaksne rundt seg har me tilsett nattevakter og miljøarbeidar på internatet.

 

Under har me samla nokre lenkjer som kan vere nyttig for deg som forelder.
- Internat og kantine
- Kontaktinformasjon
- Kontakt tilsette
- Skuleåret

 

Intervju med foreldre til tidlegare elevar

Me har intervjua nokre foreldre til tidlegare elevar ved skulen, og spurt dei om kva dei tykkjer om å senda dottera eller sonen sin på ein internatskule. Her kan du lesa kva dei meiner.

 

 

Lene frå Vg2 Anleggsgartnar

 

Geir Vonheim og Bente Bakke

 

Lene har gått både Vg1 naturbruk og Vg2 anleggsgartnar på Hjeltnes vidaregåande skule. Geir Vonheim, som er far til Lene fortel at dei er svært nøgde med skulen. Vidare fortel han at fordi Lene berre var 15 år når ho skulle starta på Hjeltnes, var dei usikre i forhold til avstand og at ho skulle bu heimanfrå. Geir og sambuar, Bente Bakke ringde difor skulen og fekk koma på besøk før skulestart. Dei seier at dei vart godt mottekne av rektor, og at all tvil forsvann etter besøket. Lene hadde eigentleg søkt ein anna skule, men valde då å omprioritera valet sitt, slik at ho kunne byrja på Hjeltnes vidaregåande skule.

 

Då Lene starta på skulen var det litt uvant, og fyrste helga ho var heime frå skulen ville ho ikkje tilbake hit. Ho treivst ikkje så godt på internatet. Far til Lene var då i kontakt med rektor, og dei løyste problemet med at Lene fekk flytta over på eit anna internat, for der hadde ho fleire medelevar som ho var blitt kjend med. Etter ei stund vart situasjonen ein heilt anna, og Lene treivst veldig godt. Den siste tida på Hjeltnes har ho ikkje ville kome heim i helgene, men heller ynskt å vera på internatet. Ein medverkande faktor til at ho ville vera på skulen i helgane var nok at ho fekk seg kjærast her, fortel far til Lene.

 

Geir og Bente er svært nøgde med skulen. Dei har eit uttalt positivt inntrykk, og seier at heile skulen med lærarar og alt er eit veldig godt konsept. Dette er spesielt fordi det er nære forhold på Hjeltnes, og elevane har god kontakt med lærarar og fagarbeidarar. Geir seier og at Lene treng tryggleik for å trivast, og det har ho fått på Hjeltnes. Bente seier at ho kan sjå kor mykje Lene har vakse på desse åra på Hjeltnes. Ho er blitt veldig sjølvstendig og vaksen. Både Bente og Geir vil anbefala skulen på det varmaste, og er litt triste fordi dei ikkje har barn som er elev her lenger.


Anette frå Vg2 Blomsterdekoratør

Mona H. Midtunn

 

Anette har gått Vg2 blomsterdekoratør ved Hjeltnes vidaregåande skule, og ho er frå Gulen i Sogn. Når Anette valde å bli elev ved Hjeltnes, meinte mora hennar, Mona H. Midtunn, at det ville bli ein veldig lang reise. Men Mona seier at det har gått veldig bra med reisinga.
Anette hadde allereie budd på internat eit år, då ho gjekk på Mo vidaregåande. Mona var derfor ikkje skeptisk til å lata Anette gå på ein internatskule. Mona fortel vidare at Anette treivst frå fyrste stund, og at ho etter kvart fekk seg kjærast her inne.

 

Mona har eit svært godt inntrykk av skulen, og seier at det er veldig positivt at ein berre kan ta kontakt med skulen om det skulle vere noko. Vidare fortel ho at Anette har hatt god kontakt med lærarane, og at dette er viktig for Mona, om det skulle vere noko. Mona meinar at skulen absolutt kan anbefalast for andre elevar.

 


Thomas frå Vg1 Naturbruk

Thomas bur i Ulvik og har gått Vg1 Naturbruk med spesialisering i anleggsgartnar ved Hjeltnes vidaregåande skule. Mor til Thomas, Kari Margrethe Ulgenes, vart glad for at Thomas starta på Hjeltnes. Ho seier og at skulens plassering ikkje betydde så mykje, men at det var kjekt at sonen hennar kom inn på det programområdet og den skulen han ynskte. Vidare seier Kari Margrethe at fordi Thomas ikkje budde på internatet, men heime hos seg sjølv, vart det vanskelegare å vere sosial med dei andre elevane på skulen i fritida. Men samstundes treivst han svært godt med medelevane sine, og det var fleire som ikkje budde på internatet som han hadde kontakt med.

 

Om skulen seier Kari Margrethe at den er bra, med engasjert lærarar og andre tilsette, og at Thomas hadde god kontakt med dei. Vidare fortel ho at både lærarar og andre tilsette er veldig til stades og tilgjengelige. Noko Thomas har hatt stor nytte av! Kari Margrethe sett spesielt pris på skulens ope dag, og avslutninga som me har når elevane sluttar, men ho saknar litt foreldreinformasjon. Men slik er det ofte på dei vidaregåande skulene, og ho meinar at Hjeltnes ikkje er verre enn andre. Til slutt seier ho seg stort sett fornøgd med skulen.