Ulvik er ei vakker bygd som ligg innarst i Hardangerfjorden, med ca 1100 innbyggjarar. Sjølv om Ulvik er ein liten kommune, har bygda mykje å by på av aktivitetar og sosiale møteplassar.
Sidan Ulvik ligg fint rundt Ulvikfjorden, er det klart mange stader å boltra seg på om ein vil bada eller sola seg. Skulen ligg nær den flotte badeplassen i Holmen, som også har eit utandørs idrettsanlegg med løpedekke, grasbane og sandvolleyballbane.

Skulen har fleire kanoar som vert nytta i undervisninga. Men desse kan elevane ved Hjeltnes og låna på fritida. I tillegg har skulen to robåtar som elevane kan disponera om ein til dømes vil ut på fjorden for å fiska eller ta seg ein ro-tur til Brakanes som er sentrum i Ulvik. Robåten vert brukt flittig av elevane på skulen om våren og hausten.
Ulvik kommune har kino som viser film kvar søndag. For å vita kva som blir vist, kan du sjekka heimesida til Ulvik Herad
Det er veldig populært å stå på vass-ski i Ulvik, og me har ein eigen klubb for dette, Ulvik Vass-skiklubb. Dei disponerer eigen spesiallaga vass-skibåt, og dei har kai og naust like ved idrettsbanen i Holmen. Ta deg ein tur og kjenn fartsgleda.

Om vinteren er livet roligare i Ulvik enn elles av året. Men ynskjer du å treffa fleire menneske, kan du ta turen til Drevtjønn. Her vrimlar det av folk i den flotte lysløypa som Ulvik idrettslag har ansvar for å preparera.
Du kan trene i eige treningslokale i Ulvik sentrum. Du kan og vere med på volleyball og dametrim.

Drøs er ein koselig lita kafé som ligg på Brakanes. Om sommaren er den open kvar dag, og du kan velja om du vil sitja inne i skuggen eller om du vil sitja ute i sola. Om vinteren er den berre open i helgene, men har til gjengjeld forskjellige typar underhaldning frå tid til anna. På Drøs kan du kosa deg med ein kopp kaffi, eller en smoothie i tillegg til en god lunsj eller middag.
Den Grøne kafé ligg på kaien på Brakanes. Her er det både inne- og uteplassar, som ein kan nytte for å få seg ein forfrisking eller eit måltid. Den Grøne kafé har både middagsretter, som pizza, hamburgar og buffé, eller lunsjmenyar, og kvar torsdag kan du nyta ein god raspeball-middag.

På Møteplassen kan ein og gå på kafé eller ete lunsj og middag. Møteplassen har biljard og viser fotballkampar på storskjerm.

Grillkiosken ligger også på Brakanes, og er en kiosk kor du kan kjøpe hamburgar og pizza med meir. Ein kan sitte både inne og ute, eller ta med mat heim, eller til parken om det er ynskeleg.
Skulen eig to hytter i Slondal, ein hytte for dei tilsette og ein for elevane. Slondal ligg ovanfor Mjølfjell, ikkje så langt frå Bergensbanen. Det går bilveg heilt opp til vatnet, men ein kan og ta buss frå Ulvik til Voss, og tog frå Voss til Mjølfjell (v/Ørnaberget stasjon). Elevhytta kan elevane låne når dei ynskjer.
Skulen har tradisjon for å starte kvart skuleår med ein sosial tur til Slondal. Her er det gode fiskemogligheiter, og flott for fjellturar og rekreasjon. Det er verkelig flott i Slondal og elevane trivst godt der. Mange drar opp til elevhytten fleire gonger utover hausten for å fiske og ha det sosialt, og om våren drar dei for å bruke skiterrenget.
Her er link til kart over Slondalen.