Skulen har to internat for elevane med til saman 46 rom. Det største internatet ligg fint til i parken, nær undervisningsbygget og administrasjonen. Det nyaste internatet ligg meir for seg sjølv med flott utsikt over bygda og fjorden.
Internata på skulen har einerom som er utstyrde med vask og enkel møblering. Det er felles toalett og dusj på kvar gang.
Kvart internat har kjøken med kvitevarer, TV-stove og vaskerom med vaskemaskin til felles bruk. Elevane har og eige trimrom til disposisjon.
På internata er det tilsett nattevakt og miljøkontakt som er der for elevane.




Du kan sjå fleire bilete frå internatet her.
Skulen har og kjøkken og kantine i undervisningsbygget. Her vert det servert tre måltid kvar dag: Frukost, lunsj og middag; kvelds ordnar elevane seg med sjølve i kantina (ikkje fredag kveld).
Hjeltnes vidaregåande skule er oppteken av eit sundt og godt kosthald for elevane, derfor er det meste av maten heimelaga. På kjøkenet bakar dei brød kvar dag, og dei nyttar seg mykje av skulen sin eigen produksjon av frukt og grønt.
