
Det kan vere fleire grunnar til å ta vaksenopplæring retta mot gartnarfaget, men vi får stadig henvendelsar som syner at det er eit ønske og behov.
Inntakskrav er Vg 1 naturbruk eller tilsvarande / realkompetansevurdering.
Vi tilbyr Vg 2 Landbruk og gartnarnæring, med vekt på gartnarfag og Vg 3 Gartnarnæring. Det er eit komprimert løp, med ca 25-30 % undervisning i høve dei som tek utdanning på fulltid. Det vert samlingar 3 dagar kvar månad, måndag - onsdag. Det skal og gjennomførast noko praksis i bedrift, 5 veker fordelt på 2 skuleår. Du får kompetansebevis (evt vitnemål) når utdanninga er fullført.
Dette kurset tilbyr 2 fordjupingsområder: Fruktdyrking eller Planteskuledrift / hagesenter
Det vert ikkje kurspengar for utdanninga. Du må betale for bøker, samt reise og opphald under samlingane. Det er mogeleg å overnatta på internatet til skulen.
Søknadsfrist 15. juni 2011. Utsatt frist til 24. juni.
Kursstart måndag 22. august (med atterhald om at det melder seg nok søkarar)
Søknadsskjema her.
Bilde: 16 gartnarelevar starta i august 2011, her fra ekskursjon til Osafjellet.