Vg1 Naturbruk


Visste du at du kan få studiekompetanse med tre år på naturbruk?

Miljø og natur er i tida og innan naturbruksutdanningane er det mange moglegheiter!

Du kan skaffa deg ein praktisk veg til studiekompetanse og eit godt grunnlag for vidare studiar innan natur og miljø.

 

Ser du for deg at du vil studera på høgskule eller universitet etter du er ferdig på Hjeltnes, kan du ta generell studiekompetanse innan naturbruk (Vg3) eller påbygg. Å ha ei naturbruks utdanning i bakhand er ofte eit smart val før vidare studiar på høgskule eller universitet.

Vel du ei yrkesfagleg utdanning som anleggsgartnar tek du fagbrev etter 2 år på skule og 2 år som lærling.
Vel du gartnar har du ei yrkesutdanning etter 3 år på skule.

 

Om Vg1 Naturbruk

Fyrste året er ei innføring i ulike former for naturbruk. Du lærer om produksjon og stell av planter, frukt og grønt og vidareforedling av desse. Stell og fôring av ulike husdyr. Bruk og vedlikehald av maskiner og båtar. Fiske og fangst. Stell av kulturlandskap. Ulike former for friluftsliv. Førstehjelp. Naturbasert aktivitet. Vedlikehald av bygningar. Helse, miljø og tryggleik (HMT).

 

 

Fag

Fellesfag: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving

Programfag: Naturbasert produksjon, naturbasert aktivitet, prosjekt til fordjuping med vekt på naturbruk.

 

 

Fordjupingsområde

På Hjeltnes kan du fordjupa deg i fylgjande område når du tek Vg1 naturbruk:

- Anleggsgartnar

- Gartnar
 

     

Aktivitetar gjennom skuleåret:

Traktorkøyring, praktisk arbeid i skulen sine hagebruksavdelingar, fjord og fjellfiske, kano og kajakkpadling, hjortejakt og rypejakt, fjellturar til fots og på ski, overnattingsturar til skulen sin støl, tiurleik med overnatting i lavvo, padletur på Hardangerfjorden med overnatting i lavvo, gardsbesøk med vekt på gardsturisme og mykje anna spennande!!

 

Vidare utdanning:


Vg2 Landbruk og gartnarnæring


Vg2 Anleggsgartnar

Vg3 Gartnarnæring

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse

Vg3 Studieforberedande innan landbruk