Vg2 Blomsterdekoratør

 

Er du kreativ og likar det som spirer og gror? Då er gjerne blomsterdekoratørutdanninga noko for deg.
Bruk av fargar og fargelære og øving i ulike teknikkar er viktige emner i faget.

 

På Vg2 blomsterdekoratør får du læra om blomster og planter, korleis du set saman ulike typar bukettar, brudebukettar og dekorasjonar. Du vil og få læra korleis ein dekorerar bord og rom. Etter eit år på Vg2 blomsterdekoratør kan ein gå to år i lære for å få fagbrev. Du kan og ta Vg3 påbygging til generell studiekompetanse for yrkesfaglege utdanningsprogram.

Hugs, kreativitet og estetisk sans kan og lærast!

 

 

Aktivitetar gjennom skuleåret:

- praktiske oppdrag med romdekorering, borddekorering og utsmykningar
- brudeshow
- laga eigen butikk på skulen til dømes til jul
- dekorering til festspela i Bergen saman med profesjonelle utøvarar
- deltaking ved distriktsmeisterskap i blomsterdekorering
- utplassering i blomsterbutikkar
- tur til NM i blomsterdekorering


  


Kor kan du jobba:

I blomsterbutikk, hagesenter eller firma som omset blomar m.m.

 

 

Inntakskrav:

Vg1 design og handverk.

 

Vidare utdanning:

2 år som lærling i bedrift eller
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Lærlinglønna ligg for tida på kr 117 pr time. 1. halvår får du 30% av dette, 2. halvår 40%, tredje halvår 50% og fjerde halvår 80%.